Norwegian Hymn

Å Betlehem Du Vesle By


Å Betlehem, du vesle by, me ser deg kvila der.
Og over deg så stille dreg den store stjernehær.
Men i dei mørke gatene eit æve-lys skin ned.
Til deg no går dei tusen år sin lengsel etter fred


For denne natt ein frelsar stor vart fødd, og englar kvad
Mens verda sov, dei song Guds lov, og himmelen var glad.
Å, morgonstjerner i tusental forkynn at han er fødd !
Du stjernekor, pris kongen stor ! Og fred på jorda mødd


Kor stilt, kor stilt vår Herre gav den julegåva god.
Slik himmelen gjev jorda enn si rike signings-flod.
Me merkar ikkje hans kome her, men til kvar open sjel
stig Jesus inn med nåden sin og gjer ein syndar sæl


Å, kongebarn frå Betlehem, inn i vårt hjarta drag.
Me audmjukt bed: Stig til oss ned, vert fødd i oss i dag.
Me høyrer englesongen som det glade bod fortel.
Å, kom til oss, å, ver hos oss, Guds Son, Immanuel

 


Å, For Djup I Jesu Kjærleik


1. Å, for djup i Jesu kjærleik!
Utan grenser, botnlaus, fri!
Som ei mektig havsens bylgje
har han løynt mi syndetid.
Over, under, rundt omkring meg
er hans sterke kjærleiks straum,
driv meg fram imot mitt heimland,
dyre, fagre framtidsdraum


2. Å, for djup i Jesu kjærleik!
Sprei hans pris frå hav til hav:
Kor han elskar alle, alle,
frelser oss frå synd og grav,
kor han vaktar sine kjære
som han kjøpte med sitt blod,
kor han bed for veike vener,
sender kraft og trøyst og mod!


3. Å, for djup i Jesu kjærleik!
Ingen stad eg kviler så.
Som eit mektig hav av signing,
som ei hamn av fred og ro!
Å, for djup i Jesu kjærleik!
Der min himmels himmel er.
Mine lengsler stig mot trona,
mine augo Lammet ser.

 


Å, kom nå med lovsang


Å, kom nå med lovsang, jordens kristenskare!
Å, kom nå med lovsang til Betlehem!
Kom for å se ham, kongen i en krybbe!


Chorus
Kom, tilbe ham, Guds under! Kom, tilbe ham, Guds under!
Kom tilbe ham, Guds under, vår Herre Krist!


Ja, Gud evig Gud, og lys av lys det er han.
Til oss er han kommet som bror i dag.
Sann Gud av opphav, født før alle tider.


Så syng, englehærer, syng med salig jubel!
Å syng myriader, i himlens slott.
Ære til Gud og fred blant oss på jorden!


Ja, Herre, vi hyller deg som kom til jorden.
Barn Jesus, deg hører velsignelsen til.
Ordet ble kjød og bor i dag iblant oss.